Dette kan vera ei anledning til å gjera det du kanskje etterpå angra på at du ikkje gjorde? Vi treng deg!
Følgje til tannlege, lege, røntgen eller handletur Vi treng heile tida fleire frivillige som kan vera med som følgje I desse dagar med koronavirus, er det fint med mange hender å ta av for eksempel til handling av dei som er i heimekarantene.
DU ER VELKOMMEN INNOM MED EIN IDE ELLER AT DU ØNSKJER Å VERA MED I EIN AKTIVITET Vi ønskjer gjerne at du deler ein ide med oss- ting som vi kan få til saman Vi loser deg gjerne til lag/organisasjonar der du kan ha fritidssyslar - spør oss!
Godtrim for eldre heimebuande i Fitjar kl 11 00 torsdagar Fallførebyggjande tilbod for eldre VI held det gåande fram til ca 15.juni - og oppstart etter ferie ca.10.august
Kaffistund Havnahuset Ein gong per månad. Vi treng alltid litt fleire hender her. Kjekk stund med song, musikk, heimebakst og kaffi tysdagar . Tilbodet er no kl 15.30 -slik det var tidlegare
Ope hus for ungdom Ope hus for ungdom med aktivitetar Onsdagar kl 18 00 - 21 30 Følgjer skuleruta. Foreldrevakter. Joanna Przygocki er dagleg leiar for Ope hus. Vi treng "foreldrevakter" - eller besteforeldrevakter som ressurspersonar saman med oss.
TELEFONVEN Sjå gjerne nettside: https://www.telefonvenn.no/kontakt Vi kan tilby oppgåver som telefonven . Du forplikter deg til å underskriva teieplikt. Du ringer ein sambygding 1-2 gonger i veka, evt fleire personar dersom du syns det er greit. Tips om tema å snakke om kan du få ved frivilligsentralen.
TILSYNSVAKT VED FITJAR KULTUR OG IDRETTSBYGG Oppgåve på 2 timar/mnd. Åpning av garderobeanlegg, låsing og tilsyns med huset. Vi søkjer etter frivillige som kan tenkja seg å bidra.