Kaffistund Havnahuset
Ein gong per månad. Vi treng alltid litt fleire hender her. Kjekk stund med song, musikk, heimebakst og kaffi tysdagar . Dette blir flytta til ca kl 12 etter nyttår (2019)Dette er ei sosial stund for alle, både bebuerar, tilsette og dei frivillige har ei fin stund saman.
Heimebakst, konkurransar, song og musikk pregar desse samlingane.
Frivilligsentralen har hatt dette tilbodt frå ca år 2000 med 2 kaffikomitear som byter på.
Vil du vera med her, så er det berre å ta kontakt!
Del på:
-
Badetilbod i Fitjar
Badetilbod i FItjar mandagar i perioden haust - vår. Oppstart ny periode i 2019 vert annonsert ( start truleg i oktober) . Annonse i Bladet Sunnhordland. Følgjer skuleruta.
-
DU ER VELKOMMEN INNOM MED EIN IDE ELLER AT DU ØNSKJER Å VERA MED I EIN AKTIVITET
Vi ønskjer gjerne at du deler ein ide med oss- ting som vi kan få til saman Vi loser deg gjerne til lag/organisasjonar der du kan ha fritidssyslar - spør oss!
-
FITJARKOMPIS
Dersom du ønskjer deg ein Fitjarkompis , kontakt oss - så kan vi starta ei gruppe igjen !
-
FRILUFTSLIV FOR ALLE
Bildet er frå Idrettslaget si flotte samling i 2017. Idrettslaget hadde ny runde med brukerane i 2018 og der alle koste seg. Friidrett og Orienteringsgruppe slår seg saman og tek utfordringa med ein friluftsdag for alle i samarbeid med NFU Stord/Fitjar.
-
Følgje til tannlege, lege, røntgen eller handletur
Vi treng heile tida fleire frivillige som kan vera med som følgje