FITJARKOMPIS

Dersom du ønskjer deg ein Fitjarkompis , kontakt oss - så kan vi starta ei gruppe igjen !


Fitjarkompis

vart satt i drift januar 2017 saman med Fitjar Folkebibliotek. Ein person frå Fitjar møter ein person med innvandrarbakgrunn over ei gitt tidsperiode. 1.møtet i fellesskap der ein utveksler nødvendig informasjon og gjer avtalar, deretter eit møte minimum 4 gonger,før avslutning og evaluering med «kompisfest». I fitjarkompis-konseptet gjer ein kvardagssysler  saman på ein varighet på 1-2 timar, og veksler på kven som bestemmer syslane og møteplass.
 Det var 24 personar som deltok i vårt første Fitjarkompis, og dette vart svært kreativt etter kvart.  Nokre gjorde handarbeid, bakte, stod på ski, gjekk tur, rusla med barnevogn, fotograferte, shoppa i butikk, gjekk på cafe,bowla og til og med øvingskjørte.

Vi har seinare hatt Fitjarkompis-møter , og startar gjerne opp igjen om det er trong for det.

2019 © Fitjar frivilligsentral