Dette kan vera ei anledning til å gjera det du kanskje etterpå angra på at du ikkje gjorde?

Vi treng deg!

Dette er ei anledning til å gjera det du kanskje etterpå angra på at du ikkje gjorde?
Vi søkjer etter frivillige som kan tenkja seg å bidra til ein enkeltperson eller familie , der livet har tatt ei vending mot sjukdom eller i ein siste livsfase. Den sjuke og pårørande kan ha glede av akkurat di hjelp!
Du bestemmer sjølv kor mykje du vil bidra med, og sjølvsagt får du vegleiing av både helsepersonell og administrator i oppdraget du tek på deg.  Dette vil som regel vera kortvarig oppgåve, men likevel svært viktig å få bidra i alle livets faser, og den siste. Oppgåver kan vera kjøreturar, gåtur, sjakk, kaffikos, lesa, prata eller berre vera til stades .
Kontakt frivilligsentralen om du ønskjer å vera med.  
Kven passar det for?  Jo dette passer for alle vaksne, òg studentar spesielt.   Om du er student vil dette òg vera lærerikt og ein god ting å ha på din cv.   Vi vil sørga for at du får hjelp til å føla deg trygg i oppgåva du tek på deg.  Ver med å gjer ein forskjell - kanskje er dette midt i blinken for deg ?

2024 © Fitjar frivilligsentral