Kaffistund Havnahuset

Ein gong per månad. Vi treng alltid litt fleire hender her. Kjekk stund med song, musikk, heimebakst og kaffi tysdagar . Tilbodet er no kl 15.30 -slik det var tidlegare

Aldersgruppe: For alle


Dette er ei sosial stund for alle, både bebuerar, tilsette og dei frivillige har ei fin stund saman.
Heimebakst, konkurransar, song og musikk pregar desse samlingane.
Frivilligsentralen har hatt dette tilbodt frå ca år 2000 med 2 kaffikomitear som byter på.


Dette er eit tilbod der ein verkeleg kan få kvardagen til å skine for dei som bur på Havnahuset.
Nytt i 2024 er besøk av dei tre spelemennene ved Fitjar bu-og behandlignssenter i etterkant av samlingane på Havnahuset.
Fin songstund med kjente songar.

Vil du vera med her, så er det berre å ta kontakt! 

2024 © Fitjar frivilligsentral