PC:
Hold Ctrl-tasten nede og trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

Mac:
Hold Cmd-tasten (Command) nede og trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

årsmelding-2012

ÅRSMELDING 2012


 

ÅRSRAPPORT 2012

 

 

Tilsette:

Full stilling som dagleg leiar er fordelt mellom Ellinor Austad Bergesen 75%  , Rune Kvilhaugsvik i 25%   Rune har arbeid knytt til ungdomstiltaket Ope hus. Det har vore nok eit aktivt driftsår med svært mange gode, frivillige hender å
ta av.

Styret:
Frode Kloster (leiar), Frode Pletten (nestleiar) , Benedicte Meyer (styremedlem), Petter Hoff (styremedlem), Geirmund Aga(styremedlem).
Nils K. Rydland og Torvald Ingebrigtsen varamedlemmer.  Det er avvikla 4 styremøter utanom rådsmøtet. Styret var  òg arrangør av frivilligfest og frivilligprisutdeling i desember.

 

DETTE HAR VI BIDRATT MED I 2012:

Juletrefest:   
Juletrefest for heile bygda, i samarbeid med Fitjar Kultur og Idrettsbygg  januar 2012 med underhaldning, middag ,kaffi, gange rundt juletre og åresal.
Frivilligsentralen bidrog med frivillige som bakte 30 festkaker, lagde middag (graut) , serverte og rydda.

Utkjøring av strøsand:
Tilbod til eldre, heimebuande som ikkje sjølv får henta seg strøsand. Førebyggjande tiltak. Kommunen dekker annonsering, sand og kjøreutgifter. Ein frivillig har teke på seg arbeidet med utkjøring. Fleire melder seg på kvart år.

Kino:

1 frivillig kinovakt ved Bygdekinoen annakvar søndag. FKiB tilskipa 1 populær seniorkveld med kino . Frivilligentralen bydde på vaflar og kaffi.

Matutkøyring
Frivilligsentralen fortset med avlastning av matukjøring til  eldre heimebuande. Dette gjer at fleire kan bu heime i lengre tid, og får sunn og god mat heimkøyrt.

Kaffistunder
2 fulle lag er på plass igjen,  til å laga kosestund på Havnahuset ein gong per månad. Dette er ei god stund for ein god kaffitår,lekker heimebakst, drøs med naboen og litt underhaldning.

Handlehjelp

Dei som bur i leilighetane på Havnahuset og steller seg sjølv, har besøk av ei dame som hjelper til med å skrive handlelister.

 

SLT/Ope hus
Dagleg leiar er kommunen sin SLT-koordinator. Lokal arbeidsgruppe har i år hatt få møter. Det er gjennomført ny ungdoms-undersøking på våren, for 8.,9. og 10.klasse, samstundes med Stord.  Tett og godt samarbeid med Rimbareid skule. Unge og Rus fortset som eit godt førebyggingsprogram og har haldningsskapande verdi og byggjer på samarbeid mellom dei unge, heim og skule. Unge og rus startar i 7.klasse , med oppfølgjingsdel i 9.klasse.
Tiltaket er nedfelt i ruspolitisk handlingsplan saman med Ope hus,  og KRiK (Kristen Ungdomskontakt) ,som er ungdomsretta tilbod frå 8.klasse og oppover. Ope hus er svært godt besøk. Rune Kvilhaugsvik som er vikar for dagleg leiar driv Ope hus for frivilligsentralen  og gjer ein svært god jobb. Det er foreldrevakter i tillegg.
16.mai vart det tilskipa utvida  Ope hus, der dei unge fekk gratis grillmat og brus, samt tilbod om open idrettshall og konkurransar. Om lag 80 unge var på plass på ein svært regntung 16.mai-kveld.
Natteravnane fortset å patruljera fredagskveldane, og har hatt litt å henga fingrane i  ved enkelte arrangement i sentrum, men på det jamne er det rolege kveldar.
Av rusfrie tilbod i Fitjar har me fotball, handball, badmington, friidrett, orientering, joggegruppe, treningssenter, KRiK , Ope hus og diskotek. Det er plan om oppstart av ungdomsteatergruppe.
Debutalder for alkohol har gått opp, og aktiv rusførebyggjande tiltak, gode samspel med foreldre, skule og fritidssyslar gir positive resultat. Likevel er det ei nokså stor gruppe som vert mobba, både på fritid og i skule.

Badevakter
Bassenget stengt frå hausten 2012 grunna ombygging av skulen.

Parkurs Godt Samliv
Tilbodet vart lagt ut, men det vart ikkje nok påmeldte til å starta opp.

 

Tilsynsvakt Fitjar Kultur og Idrettsbygg
Dette for å tryggja born og unge som deltek i idrett eller korps på huset.  Tilsynsvaktene er delt mellom frivilligsentralen, skulekorpset og musikklaget. Frivilligsentralen syt no for vakter 2 dagar i veka.

Fredagstrimmen
fortset ! Det er ein fin måte å komma seg ut på i lag med andre. Tilbodet er godt og mange finn vegen til parkeringsplassen ved Sportellet på fredagane . To timar tur i terreng med pause.
To frivillige organiserer tur-ruta og ser til at alle har det bra.

 


Frivillig skreddar
1 dame tek reparasjonar av klede, sengeklede,m.v. ved Havnahuset og sjukeheimen. Ymse kor mykje klede det er å vøla til ei kvar tid, men tilbodet står ved lag.

Blomar i sentrum

Eit ektepar med sans for å pryda sentrumsområdet til glede for sambygdingar og besøkjande har fortsatt arbeidet med å planta, vatna og stella desse praktblomane dette året òg.  Sentrumsforeninga betaler for blomane, men stell av dei går på frivillig basis.   Dette er eit flott tiltak som gjer oss godt!

TV-aksjonen
Frivilligsentralen fortset organiseringa av TV-aksjonen for kommunen. Kommunekomiteen var aktivt deltakane med å få på plass bøssebærarar og ordførar stilte opp og viste stort engasjement under heile TV-aksjonen, som dette året òg flytta Fitjar på topp av gjevarglede i Hordaland!

Internasjonal helg

Internasjonal helg vart tilskipa etter initiativ frå Fitjar Sokneråd, som inviterte frivilligsentralen, KRiK Fitjar,  SPAR og kulturkontoret til samarbeid .
Målet var at nye og «etablerte»  innbyggjerar hadde moglegheit for å komma saman og  bli betre kjent  med  kvarandre sin  kultur og tradisjon.

Dette vart ein suksess med prøvesmaking av matrettar utanfor SPAR-butikken laurdag, Japansk mat og Karate på KRIK-kveld på fredagskvelden og internasjonal vri på gudstenesta i kyrkja på søndag.  Helga vart avrunda med internasjonal kakefest på Fitjar bedehus søndag ettermiddag . Der var  powerpointpresentasjonar frå fleire land, operasong, diktlesing og ungdomsinnslag.  Frivilligsentralen koordinerte og fekk inn økonomisk støtte til arrangementet  frå SPAR,  Wärtsila-fondet, Sparebanken Vest og Fitjar Kraftlag.
Fleire meldte seg interessert i å vera med i ein liten internasjonalt klubb, som frivilligsentralen har sagt seg villig til å vera «fødselshjelpar « til.

 

Trimgruppe for utviklingshemma
Fitjar IL har bedt  frivilligsentralen om  hjelp til å starte opp trim-tilbod for utviklingshemma.  Prosjektet utsatt til 2013 . Ein satsar på eit samarbeid mellom  Hordaland Irettskrets, Frivilligsentralen, folkehelsekoordinator og dagleg leiar i Fitjar IL . Målet er å få eit operativt tilbod i løpet av hausten 2013.

Seniorsenter
Fitjar formannskap har utpeikt Ellinor Bergesen  til å
arbeida for oppstart av eit Seniorsenter i Fitjar saman  med 3 seniorar i bygda, og har fått styret si  «velsigning « til å gjera dette gjennom frivilligsentralen.  Mange gode møter med ideutveksling og tankar førte til konklusjon om å arbeida for å få til eit seniorsenter i Fitjar Kultur og Idrettsbygg. Gruppa leverte rapport til Fitjar Formannskap oktober 2012. Formannskapet likte ideane som arbeidsgruppa hadde satt opp i rapporten, og har sagt ja til seniorsenter, og stiller 800 000 til  rådvelde og ein startsum på prosjektet.  Arbeidsgruppa har fått utvida mandat til å finna resterande finansiering av ombyggingsprosjektet, og dette arbeidet er i gong.
Kulturkontoret ønskjer òg samstundes at det i lokala blir høve til å plassera lokalhistorisk samling.

Frivilligprisen:
Frivilligprisen 2012 vart tildelt Fitjar Bygdekvinnelag.
Prisen vart utdelt under frivilligfest 5. desember i Kultursalen, Fitjar Kultur og Idrettsbygg.  Ordførar delte ut prisen,  og eit gåvekort på Larsen Multihandel. Ein kan òg nevna at ordføraren vår haldt ein varm og verdig tale til prisvinnerane.
Kulturskule-elevar  opna med 2 musikalske innslag på flygel.
Frivilligsentralen viste film, som var laga på oppdrag av Kulturdepartementet. Innhaldet var innslag frå mange forskjellige frivilligsentralar i landet.
Styret, som er jury i uttaking av frivilligprisvinnar, er òg saman med dagleg leiar arrangør av frivilligfesten. Styreleiar leia festen og fortalte litt om statistikk og arbeidet i sentralen. Ein av styremedlemmane lagde kjempegod betasuppe til alle gjestene. Kvelden vart avrunda med kaffi og kakebuffèt.

 

«Ein-til –ein-hjelp»
Det er fortsatt mange førespurnader om ein-til-ein-hjelp. Ofte er det spørsmål om følgje til sjukehus, ein rusletur eller handletur. Mange «faste» koplingar som gjer kjekke ting i lag kvar veke.

Røykesluttkurs:

Dagleg leiar er spurt om å vera med som kurshaldar på røykesluttkurs . Ho har sagt ja og kurset vert utlyst i januar 2013.

Økonomi:
Styret klarte 40% lokal finansiering med hjelp av medstifterane.
I tillegg har ein motatt grasrotmidlar (5% tippemidlar), som mykje  går med til  arrangement for dei frivillige og å halda utstyr til Ope hus
Fitjar kommunestyre bevilga pengar til frivilligsentralen for drift til neste år, nok til 40% av det bevilga statlege midlane på 310.000 .
Styret arbeider vidare  med budsjettet , som nesten er i mål.

 


Fitjar 4.mars 2013

Ellinor Austad Bergesen
Dagleg leiar