PC:
Hold Ctrl-tasten nede og trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

Mac:
Hold Cmd-tasten (Command) nede og trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

2015

 ÅRSRAPPORT  2015

 

 

 

Tradisjonell oppstart med juletrefest
Dette er eit samarbeid mellom Fitjar Kultur og Idrettsbygg og frivilligsentralen.
Underhaldning av høg kvalitet,  kaffe/ kaker, middag, juletregong og kos. Ordførar med informativ nyttårstale.

 

100 % drift
Ellinor Austad Bergesen i 80% stilling og Christer Korneliussen i 20% stilling gjennom heile året.
Midlar til drift gjennom Kulturdepartement , Fitjar kommune og øvrige medstifterar, samt gåver og grasrotmidlar.

 

Strøsand
Eldre, heimebuande som ikkje har høve til å henta sjølv, får tilkjørt strøsand av frivillige .
Kommunen dekker kostnadertil bøtter, sand og bensin.

 

Kaffistund Bu-og servicesenteret
Besøk frå frivilligsentralen  med heimelaga kaffimat , song og kos 1 ettermiddag i månaden..   Ei god stund for alle partar.  Frivilligsentralen si kaffistund på havnahuset har no 15 års-jubileum

Nettverk
Dagleg leiar deltek i nettverk blant daglege leiarar i Sunnhordlandssentralane saman med Sveio, Stord, Etne, Kvinnherad, Tysnes og Bømlo. Viktig inspirasjon og ideutveksling 3-4 gonger årleg.
I tillegg samling for alle sentralane i Hordaland ein gong årleg i tillegg til tilbod om deltaking i regionkonferanse for alle vestlandssentralane.
I tillegg er dagleg leiar i sitt virke som SLT-koordinator med i eit eige nettverk av slt-koordinatorar saman med Etne, Vindafjord, Karmøy, Suldal, Bømlo, Stord, Haugesund.
Bergesen deltok på SLT-samling omkring Ungdata 13. januar på Tysværtunet.

 

Fitjar Seniorsenter og folkehelsetiltak
Dagleg leiar var i 2014 med å gjennomføra fallførebyggjande kurs, saman med folkehelsekoordinator som eit tilbod under Fitjar Seniorsenter. Vidare stoltrim for seniorar kom i gong i fortsetjinga av dette .
 Frivilligsentralen  har ansvaret for instruksjon. Trimøkta kallast «Godtrimmen».  Frivilligsentralen har skaffa midlar til seniorsenteret frå Gjensidigestiftelsen .
Frivilligsentralen er koordinator for seniorsenteret sine lokaler.

 

Matutkjøring
Frivillige køyrer ut mat til eldre heimebuande alle vekedagar, gjennom heile året.
Sentralen er koordinator og skaffer frivillige. Kommunen betaler for utgiftene til kjøring .

 

Førebyggjande arbeid:

Ellinor Bergesen er tildelt rolla som  SLT-koordinator , gjennom den lokale tilskotsordninga frå  Fitjar Kommune .  Samarbeidsmøter gjennom SLT-arbeidsgruppe, som no er litt utvida og meir tverrfagleg samansett.
Ungdata-undersøking vart foretatt for ungdomsskuletrinnet 8.9. og 10.i Fitjar . Erik Iversen frå KoRus Vest, Bergensklinikkane var i Fitjar og presenterte talmatriale for SLT-arbeidsgruppe 14. desember.
Det vart februar/mars gjennomført Unge og Rus.  Fitjar vart i år  ein MOT-kommune.  Ordninga med natteravnar fortset gjennom organsiering frå frivilligsentralen.
Signal frå klassetrinn som tidlegare har gjennomført unge og rus-programmet at dette er «ut på dato». Koordinator hadde møte med lærarane 7.trinn i Fitjar og fekk innspel til
førebyggjande arbeidet til neste år.
Ope hus fortset i same form som tidlegare. Christer Korneliussen er populær blant dei unge og er flink til å aktivisera dei i hallen og ha møteplass for ungdommane frå 8.trinn.
16.mai arrangerte kulturkontoret og frivilligsentralen ein konsertkveld for ungdommane med band frå nabokommunane. Flott tiltak. Om lag 100 ungdommar var her.
Foreldre stilte opp som vakter, og gav arrangementet trygge rammer.Fekk støtte frå Sparebanken Vest til dette arrangementet.
Dagleg leiar var til stades på Fagforbundet sin årsfest på Litlabø  30.januar og mottok Fagforbundets kulturpris til Ope hus .  Bergesen møtt i 2 møter  for Politirådet. Kommunane er pålagt å laga ein førebyggjande vegleiar mot radikalisering og
valdeleg ekstremisme, og det vart bestemt at Stord , Fitjar og Bømlo skal laga ein felles vegleiar.  Arbeidet med dette er starta og har som plan å vera ferdig i juni 2016.
Trafikksikringsdag
Gjennomført 14. april . Samarbeid med ungdomsskule, frivilligsentralen/slt-koordinator og Fitjar vidaregåande skule,samt krisehandteringsgruppa.
NAF, Statens Vegvesen, Sunnhordland Trafikkskule, Politiet , Krisehandteringsgruppa og Fitjar Brannvesen var med og gjorde det til ein inspirerande
 og godt gjennomført trafikksikringsdag, og gav elevar og lærarar god kunnskap og fornya haldnigar til trafikksikring.  «TS-dagen»  er nedfelt i
kommunen si trafikksikringsplan og vert arrangert annakvart år.
Ungdomsprosjektet «Vind i selga» :
I 2015 gjennomført siste del av prøveprosjektet  med 5 samlingar med ymse innhald, som gjev meistring og samhald blant ungdommane som er med.
Dette er eit samarbeid mellom SLT-kommunane i Stord, Fitjar og Bømlo og Venelaget Aktiv Seglas. Midlar vart søkt inn gjennom frivilligsentralen frå frå BUFDIR , i tillegg har venelaget skaffa ein del midlar frå bedrifter, og ungdomsrådene i dei
tre kommunane. Tilbod til ungdom som manglar motivasjon i kvardagen/drop-out  for 10.trinn og 1.vidaregåande.  Ein har i år  hatt positiv erfaring med å blande gruppa  med ungdom som har maritim erfaring, men som nødvendigvis ikkje slit .
 Det skal vurderast om tilbodet skal fortsetja i 2016 . Avklaringsmøte i februar.

 

 

 

Friluftsåret 2015
Samarbeid om friluftsåret saman  kommunen .Møte med lag/org som vart utfordra til å laga friluftsarrangement og synleggjera det. Små og store friluftsarrangement vart gjennomført.
Kalenderen som dette skulle inn i kom  seint på plass. Seinhausten  vart ordføraren sitt «friluftskonsulat» i Fitjar opna. Dette er eit grillhus som står i Rossneset og ope for alle.
Fitjar Folkebibliotek og frivilligsentralen arrangerte temakveld i høve Friluftsåret der Samuel Messie (frå «Berserk)  kom og haldt motivasjons-foredrag.  
Tilbodet var spesielt retta mot ope hus, men ope for alle interesserte. Sprudlande og flott foredrag og godt  oppmøte .

 

Samarbeid med skulane

 

Elevar ved Fitjar vidaregåande skule søkte samarbeid med frivilligsentralen i høve gledesprosjekt retta mot eldre. Frivilligsentralen organiserte skyss mens elevane lagde middag, serverte og hadde litt underhaldning
på skulen. Dette var 3. juni.
Sentralen  leiar hadde samarbeid med skuleklasse ved ungdomskulen  Rimbareid i valfagsklasse  «innsats for andre».

Landsforeningen for frivilligsentraler
vart stifta på Rica Hell hotell ,Stjørdal 2.juni 2015  Dette blir eit interesseorgan for frivilligsentralane og eit talerør inn mot offentlege departement og fora. Landsforeningen er ein organisasjon for både daglege leiarar og styret.

 

Frivillig Hordaland
Arbeid med eiget fylkesorgan for frivilligsentralar kom i gong i samband med Hordalandsamling i 2015. Det er satt ned eit interimstyre som skal arbeida fram vedtekter fram mot april 2016.

 

Tilsynsvakter Fitjar Kultur og Idrettsbygg
Organisering av tilsynsvakter FKiB i vekedagane delt mellom musikklaget, skulekorps og idrettslaget .Vi  koordinerer vaktene for idrettslaget, mot at FiL bidrar med liste over namn .
Nokre  «eigne» frivillige held fortsatt koken etter mange års vakter!

 

Internasjonal helg og inkludering
Da det ikkje var høve å finne ein ledig søndag i kultursalen, i tillegg til svært mange tilbod i førjulstida , valde arbeidsgruppa å utsetja dette til februar 2016.

 

TV-aksjonen
Formøte i august for Sunnhordland-regionen. Ringeaksjon i forkant til næringslivet. 1 person frå Fitjar Næringsråd stilte opp og fekk inn mykje pengar frå Fitjar-bedrifter.
Eit stort engasjement kring eit litt vanskeleg tema . Årets TV-aksjon var tildelt Regnskogfondet, og midlane skal nyttast til å redda det som er igjen av regnskogen.

 

Sælevik og Øvrebygda skule hadde eigne arrangement i forkant av TV-aksjonen og samla inn svært store pengebeløp som vart overført TV-aksjonen.
Igjen toppa Fitjar listene over gjevarglede i Sunnhordland, og var nr 4 i Hordaland på gjevarstatistikk. 55 frivillige ute med innsamlingsbøsser. Avslutning med kaffi og kake i banken.

 

Frivilligpris og førjulssamling
Førjulssamling for frivillige 8.desember  med utdeling av frivilligpris. Betasuppe ,kaker og kaffi.  I år vart Petter og Reidun Hoff tildelt frivilligprisen for sitt breie samfunnsengasjement på frivillig basis. Petter Hoff har i tillegg vore 2 periodar som
styremedlem i frivilligsentralen tidlegare, og arbeider mykje frivillig for sentralen fortsatt.   Ordførar utdelte prisen og haldt ein flott tale .
Seniorpsykiater og dr. med Bjarte Stubhaug haldt eit flott  motivasjonsforedrag for dei frammøtte. Song og musikk frå Karianne S. Lillenes og Elin Sørfonn var veldig flott!.

Fredagstrimmen
 møtes ved Sportellet fredagar kl. 10 og går opplagte ruter i skog og mark i ca 2 timar, uansett  vèr. I 2015 hadde gruppa 15 års-jubileum.

Offentleg bading
Starta opp att etter vinterferien etter å ha vore stengt grunna ombygging av skulen.. Førstehjelpskurs og livreddarprøve ved Jan Olav Aadland.
Motiverte frivillige og stor stemning over at tilbodet var på plass igjen.   345 personar nytta seg av tilbodet, eit snitt pr.kveld på 43 personar. Tilbodet følgjer skuleruta, og
er inndelt i 3 grupper. Frivilligsentralen organiserer  tilbodet for Fitjar IL.

 

Frivillig skreddar
Ordninga fortset. Ikkje mange nyttar seg av dette, men tilbodet står ved lag.

 

Velkomstpakkar til nye innbyggjerar
Ordninga fortset. Detektivarbeid for å finna ut kor folk bur. Litt betring etter at ein no kan nytta Posten sine sider til å finne adressar. Bringt ut av nabolag i dei forskjellige krinsane.
Velkomstpakken har rikeleg innhald, og alle er glade for å få dette, både med informasjon og gåver
 

 

TAKK
 tilfrivillige som gjennom frivilligsentralen gjer eit «Møte mellom mennesker» til ekstra krydder ! Utan  driftige frivillige- eit «fattigare» Fitjar !
Takk til alle dei som gjev støtte til ungdomsarbeidet vårt gjennom å gje grasrotmidlar. Takk til alle  samarbeidspartnerar både  i kommunesektor, fylke,  lag og organisasjonar.

 

 

 

Fitjar  15. februar 2016

 

Ellinor Austad Bergesen
Dagleg leiar